LAND

26.08.2022

.

LAND - eit prosjekt av Anna-Lise Marie Hearn.

Korleis landskapet formar oss. Ei uvanleg og oppslukande framsyning av dans, stemme og musikk, laga spesielt for Moster Amfi på Bømlo, inspirert av det vestlandske landskapet. LAND utforskar den intrikateforteljinga mellom menneske og landskap, samspeletmellom det indre og ytre, og korleis landskapet rører, om ikkje formar oss. Ved å flette saman dans, stemme og poesi, vil LAND omsetje dei fysiske og emosjonelle elementa i landskapet rundt seg. Framsyninga vil starte med eit verk laga og vist av ungdommar frå lokale områder rundt Bømlo, Stord og Haugesund. Denne delen vil leie inn i den profesjonelle framsyninga, kor også dansarane og vokalistane har ei nær tilknytting til vestlandet. Prosjektet er støtta av Kulturrådet Norsk Kulturfond, Fond for Lyd og Bilde, Vestland Fylkeskommune, Aktivitetsmidler for kor, Bømlo Kommune, og privat sponsorar. LAND er co-produsert Moster 2024.