En husmors lengsler
En husmors lengsler
Et musikalsk teaterspill
OM
Kari og Nora har flytta frå Vestlandet til Oslo for å gå på husmorsskule. På Abildsø lærer dei om vask og stell, om søndagsmiddag og broderier. Nora er heldig og får arbeide som pianist på Teaterkafeen! Ho kallar seg for klavøse og spelar for byens notabilitetar. Kari har ein litt anna kvardag på Bøler, men trivst godt som mor, hustru og husmor. Det er berre det at av og til...
MEDVERKANDE
Songar og skodespelar: Helga Farestveit
Pianist: Nora Klungresæter
Regi: Beate Eriksen
TIDLEGARE FRAMSYNINGAR
19.07.22 Frogner seniorsenter
20.07.22: Grünerløkka seniorsenter
21.07.22: Bøler seniorsenter
Framsyningane over vart gjennomførte i samarbeid med Amanett-stiftelsen og produsent Nejra B. Majdanac, støtta av Oslo kommune.
02.09.22: Blix hotell, Vik i Sogn
TILBAKEMELDING FRÅ PUBLIKUM
"Makan til performance en dag i juli! Vi nøt, gråt en skvett og fnisa godt" - Frogner seniorsenter
"Takk til dere fra oss. De snakker fortsatt om forestillingen som noe av det beste de har hatt. Velkommen tilbake og masse lykke til videre!!" - Grünerløkka seniorsenter
"Artig historie!- Jens Brekke